Til dei som lurer på kva som er poenget mitt: At actionspel slepp altfor billig unna. At bransjen har eit problem når andre sjangrar må spele andrefiolin medan blockbusterane framfører soloar som dei ikkje meistrar.
Eg må òg få understreke at eg ikkje etterlyser gode historier her, berre god speldesign.
Miles Teg skrev 06.03.2010 19:55:
Ting som er feiende flotte å se på og lettfordøyelige blir som regel tatt bedre imot enn ting som krever litt mer av brukeren.
Jau då, men i spelbransjen gjeld dette i heilt ekstrem grad. Sjølv kritikarane, profesjonelle så vel som amatørar, tek på seg skylappar i møtet med stadig meir teknologisk avansert valdsutøving. Trass tydelege svakheiter, får dei store blockbusterane praktisk talt aldri noko mindre enn 9/10, og gjer dei det, så kan du banne på at det er 8/10. Ta t.d. Gears of War, som har karakteren 94 på Metacritic og av mange er rekna for å representere ekte kvalitet (ofte sett opp mot «søppel» slik som Halo og Crysis), men som eg personleg ser på som eit høgst middelmåtig skytespel. Det er svært profesjonelt og kjennest bra ut, men designen er veldig svak. Det lynraske dekningssystemet, den minimale mengda med raskt regenererande helse, evna til å skyte i blinde og trumfkortet kjend som motorsaga oppmuntrar alle til ein defensiv, tannlaus spelestil, der ein stort sett sit bak eitt stykkje dekning gjennom ein heil kamp og trygt plukkar ned monstra eitt etter eitt. Ein
kan sjølvsagt springe ut og leve meir farleg, men ettersom spelet ikkje er bygd for det, fører dette til at kampane blir svært klønete og stakkato. Det finst i realiteten berre éin gangbar strategi i Gears of War, og denne eine kunne ikkje ha vore mindre interessant. Likevel hausta spelet toppkarakterar over heile linja, støtta av argument som: «Det er så fantastisk tilfredsstillande å sage ein stygg locust i to så blodet sprutar!» Er det dette actionspel handlar om? Det minner meg om
denne fyren her, som eg tilfeldigvis snubla over ein gong. Han speler på lågaste vanskegrad og vandrar tankelaust og uklokt fram og tilbake medan han plaffar ned fiendane sine. Likevel ler han og seier «bitch» medan han gjer det, som om det er hans overlegne evner som får han heilskinna gjennom konfrontasjonen. Eg synest at dette er heilt feil innstilling. For all del, han skal få more seg akkurat slik han vil (sjølv om han eigentleg høyrast ut som om han kjedar seg ganske alvorleg), men dette er ikkje kva eg kallar ein «ekte» spelentusiast. Han er openbert ikkje interessert i å bli utfordra på noko plan. I staden, er han nøgd så lenge våpna er store og slemmingane døyr. For å vere litt stygg, så trur eg at det i stor grad er slike som dette som stiller seg på barrikadane og hylgræt når eit spel som dei har gledd seg til i lang tid ikkje får den mottakinga som dei hadde håpa på. Skal vi bry oss om desse?
The Sims kan nok kallast ei vidareutvikling av Tamagotchi-konseptet, akkurat som moderne skytespel er vidareutviklingar av Wolfenstein 3D (eller Catacomb 3-D, for å vere historisk korrekt). Eg kan ikkje sjå at denne koplinga diskvalifiserer The Sims som spel. Er det noko betre å drepe folk enn å ta vare på dei? Grunnen til at eg nemnde dette spelet var i alle tilfelle ikkje at det representerer toppen av speldesign (det synest eg ikkje at det gjer), men at det er minst like bra som mykje av det som store delar av spelmiljøet ikkje greier å styre si begeistring for. Her må ein faktisk ta ei rekkje meir eller mindre interessante val heile tida, og ein får dessutan moglegheita til å utfolde seg kreativt. Byggjemodusen i The Sims 3 er nesten skummelt fleksibel!
Eg trur kanskje at du misforstår kva eg meiner med «interessante val». Du koplar dette til ei historie, og evna til å påverke ho. Det
eg sikta til var val knytt til korleis ein best skal oppnå sine mål i spelet. Skal eg satse på å styrke økonomien min eller den militære slagkrafta mi? Skal eg prøve å kjøre forbi bilen framfor meg i denne svingen, eller er det for risikabelt? Kva har eg størst behov for: Helse eller mana? Eit nytt kjøleskåp eller ein meir prangande hage? Slike val er som oftast heilt fråverande i actionspel. Ein kan velje ting som kven ein skal skyte først og kvar ein skal plassere seg, men skilnaden mellom alternativa er i dei fleste tilfelle marginal. Resultatet er at ein travar gjennom desse spela på autopilot, og det opplever i alle fall eg som dørgande kjedeleg, same kor flott presentasjonen er.
Forresten: Kva for spel er det eigentleg som tilbyr store moralske og sjelsetjande* val?
* Er dette eigentleg eit ord?
PushThePramAlot skrev 07.03.2010 23:32:
Men egentlig så handler vel alle spill om konstant repitisjon innenfor spillets rammer.
I prinsippet, ja, men dersom designen er smart nok, vil dei repeterte elementa stadig kombinerast på nye, spanande måtar som gjer at spelaren må tenkje over korleis han skal handtere situasjonen. Vi ser dette i alt frå sjakk til Left 4 Dead, som heilt klart er eitt av dei mest veldesigna skytespela som nokon gong har blitt laga. Her har Valve på langt nær fått nok skryt for sine bragder.
Sitat
Man får jo tro og håpe at anmelderene verden over ikke har sittet og pint seg igjennom Uncharted 2 fordi det har flott grafikk, og da vegrer seg for å gi en dårlig karakter på grunn av produksjonsverdier.
Nei, det har dei neppe. Det er nok snarare slik at dei tillet altfor mykje tankeløyse i actionsjangeren, noko som fører til at dei flottaste og mest polerte spela naturleg nok vil opplevast som bortimot perfekte.
Sitat
De beste actionspillene bruker vold og spenning som et virkemiddel for å fortelle en spennende og interessant historie, og det er ikke så rart at dette er blant de mest populære spillene.
At massane favoriserer action, er inga overrasking, nei. Det rare er at kritikarane er med på det.
bjaross skrev 08.03.2010 00:20:
Off, for eit subjektivt innlegg kjære trådstartar...
Subjektivt? Mesteparten er jo berre observasjonar og spørsmål. Somme personlege meiningar er uttrykte, men er ikkje det lov?
Sitat
Favorittsjangeren min er RPG. Og der er det, som du nevnar, mange valg som fokus. Likevel hatar eg sims-spela. Kva er da galt med meg? Eg likar valg, men ikkje The Sims??? "Nei, grøss og gru!"
Ei merkeleg tolking. Nei, eg meiner ikkje at det er noko gale med deg dersom du ikkje liker The Sims. Vi har alle våre preferansar. Eg seier berre at dette spelet er meir veldesigna enn mange innser.
Sitat
Du seier bl.a. at: "Actionspel har rett nok lov til å vere meir hjernedaude enn andre, men dersom dei vel å vere det, må dette likevel få konsekvensar for karaktersettinga." Dette er rett og slett ein sjølvmotsigelse, i og med at du er enig i at actionspel har lov til å vere hjernedaude, men samtidig meinar dei må trekkast i karakter for dette. Enig? Uenig? Bestem deg, mann!
Det tyder ganske enkelt at det finst grenser for alt (uklart formulert, skal eg innrømme). Actionspel har lov til å vere meir hjernedaude enn andre, men går det for langt, må karakteren lide for det.
leterel skrev 08.03.2010 15:56:
Et knakende godt actionspill som Uncharted 2 ville neppe vært det samme om vi hadde blitt pålesset en haug med (påtatte) moralske valg. Det virker som en gruppe gamere mener at alle spill, nå om dagen, må inneholde slikt for å levere en fullverdig spillopplevelse.
Dette ville ha vore høgst upassande, ja. Kven er det som ønskjer seg noko slikt?
Sitat
Selv om Sid Meier har sagt noe om hva HAN mener spill bør være gjør ikke det plutselig Super Mario Bros 3 til et dårligere spill fordi det ikke lever opp til hans definisjon.
Kva får deg til å tru at Super Mario Bros. 3 ikkje lever opp til Sid Meier sin definisjon?
Dette innlegget har blitt redigert av tåa: 08.03.2010 21:09